Nyårsforsett
Nyårsforsett er ein fin ting. Etter å ha fått eit UTAL oppmodingar om å byrje å oppdatere bloggen igjen skal eg gjera det. I morgon, i morgon men ikkje i dag ;-)
Nyårsforsett er ein fin ting. Etter å ha fått eit UTAL oppmodingar om å byrje å oppdatere bloggen igjen skal eg gjera det. I morgon, i morgon men ikkje i dag ;-)
Postlagd av Vidar klokka 14:23 4 kommentar(ar)
No tek den store ferda til snart! 8. juni reiser eg til Murmansk på eit møte, så reiser eg vidare til Moskva med tog, der eg møter Erik den 11. Så går ferda austover - heilt til Midtriket - betre kjent som Kina... Du kan fylgje med på ferda på bloggen Transsibirske 2006.
Postlagd av Vidar klokka 23:35 2 kommentar(ar)
Det handla innlegget mitt om på landsstyremøtet. Eg kan ikkje sitere andre sine innlegg, sidan møtet er lukka. Men eg trur eg kan lova mykje spanande innanfor Sp sine departement frametter!
Hovudinnlegget til Åslaug var derimot opi, og det er lagt ut eit slags referat hjå NRK.
Postlagd av Vidar klokka 17:59 1 kommentar(ar)
Det blir eit særs spennande landsstyremøte her på Vettre i Asker. Alle statsrådane skal ha innleiingar, og det er særs viktige saker for Finnmark som skal drøftast her. Det er for så vidt nok å nemne Barentshavet, men samferdsle, kommunepolitikk og landbruk er viktige emne for oss òg. Eg skal ha innlegg på landsstyremøtet og ta opp spørsmål som dårlege stamvegar i Finnmark, krise for godstransporten med Hurtigruta og ikkje minst jernbanesambandet Kirkenes-Murmansk. Eg har jo tidlegare vori fylkessekretær i partiet, men det er ein heilt annan og meir positiv stemning i partiet no!
Det kjem meir under møtet.
Postlagd av Vidar klokka 13:08 0 kommentar(ar)
...er ikkje den personen eg er mest samd med politisk, for å seie det slik. Denne gongen tykkjer eg likevel ho har funni gullkornet, du kan lesa det i Dagbladet.
Postlagd av Vidar klokka 18:11 0 kommentar(ar)
Eg har ikkje tenkt å seie så mykje om Mohammad og teikningar eigentleg, anna enn at det er absurd kva konsekvensar dette har fått.
Den eg blir forbanna på er redaktøren i Magazinet. Falskare mann skal ein leite lenge etter. Sjølvsagt visste han at det vart reaksjonar på prentinga av Mohammadbileta. Han og mange andre gløymer at det er ein skilnad mellom prentefridom og prenteplikt. I tillegg finst det grenser for prentefridomen, t.d. når det gjeld rasisme og blasfemi. Når ein teiknar Mohammad, kva blir det neste? Jødar med krokut nase?
Eg trur at eitt av hovudproblema er at majoritetane i vestlege land enno ikkje har vent seg til at dei statlege religionssystema ikkje er einerådande lenger. No kan ein faktisk ikkje seie "kristne, norske verdiar" meir, ein må forhalde seg til at det norske er meir mangfaldig enn som så. Vi må rett og slett slutte å sjå på muslimar som "dei andre". Det vil faktisk seie at vi må ta like mykje omsyn til absurde utslag av islam som like absurde utslag av kristendomen. Hugs, det er faktisk berre 25-30 år sidan "Life of Brian" vart forbodi i Noreg p.g.a. blasfemi!
Ein annan ting er sjølvsagt spørsmålet: kva i h... innbiller kristne/ateistiske kommentatorar seg? Skal vi reformere islam? Låttleg.
Postlagd av Vidar klokka 00:19 1 kommentar(ar)
Vel, ikkje så veldig original start, kan hende. Kva har skjedd sidan sist eg blogga? Hm... Det er på eit vis mykje og lite på ein gong. Framleis singel - har skjedd lite der. Har jobb enno - og vonleg lengre. Ikkje skjedd så mykje der heller eigentleg - anna enn at eg har von om å få forlenga vikariatet ei stund til.
På andre felt har det hendt meir. Eg er innstilt til to verv som er viktige for meg: fylkesleiar i Finnmark Senterparti og nestleiar i Norsk bibliotekforeining. I tillegg har eg jo verv i både Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad og Fagforbundet. Om det er ei line i desse engasjementa? For min del er det no det. Fellestrekka er at dei er folkelege rørsler basert på folkeopplysning (ja, eg brukar det ordet) og demokrati. Ein kan seie at arbeidet i NBF er meir fagleg retta, men engasjementet mitt kjem i tillegg av at eg trur bibliotekpolitikk er særs viktig for samfunnsutviklinga. Utan eit sterkt bibliotek(u)vesen så kjem for det fyrste norske skuleelevar til framleis å sakke akterut i høve til andre land, og utan eit sterkt lokalt og digitalt nærvære av bibliotektenester kjem sosiale og geografiske kløfter i samfunnet til å berre bli djupare og breiare.
Postlagd av Vidar klokka 00:02 0 kommentar(ar)