24.4.05

Bli ein wiki du òg!

Eg har visst om Wikipedia lenge. Likevel: det er fyrst i dag at eg har skjøna kor enkelt det er, og ikkje minst kor viktig det er. Kva Wikipedia er? Det frie oppslagsverket, eit oppslagsverk som finst på nynorsk!

Som nynorskbrukar er det einaste leksikonet som finst Norsk allkunnebok frå 1950-talet. Det er ikkje mykje å klaske ræva i taket for - om du då ikkje skulle ha stor interesse for ripsdyrking i gamle Frol kommune i 1948. No var eg kan hende noko urettvis - det er sjølvsagt artiklar som er relevante framleis, sjølv om det blir færre og færre... Wikipedia er definitivt noko anna. Her skriv vi om det vi har interesse for og kunnskap om, basert på eigen kunnskap og kjelder. Ikkje minst: her blir ting oppdatert. Medan Store Norske Leksikon på nett har folketal i kommunane frå 2001, har Wikipedia 2004!

Bli med på laget du òg! Og skulle du vera så uheldig at du helst vil skrive bokmål kan du skrive på Wikipedia på bokmål... ;-)

20.4.05

Pavekyrkja sitt sanne andlet

Av og til kan ein bli fjetra av den katolske kyrkja. Ho er på mange måtar den "opphavlege" kyrkja, med nesten 2000 år på baken. Når ein ser kva politikk kyrkja fører, så kan ein lure på om ho har skjøna at det faktisk er nesten 2000 år sidan Bibelen vart skriven. Ein ting er at 70-åringane som var samla i Roma denne veka valde ein 78-åring til ny pave. Men når han som på mange måtar er andletet til pavekyrkja i Noreg uttaler ting som at "Abort er en alvorlig synd på linje med drap. Feminismen har gjennom tretti år kostet flere menneskeliv enn nazismen og kommunismen til sammen." må ein seie at kyrkja inkje har høyrt, sett eller lært. Det er sterke saker. Biletet av pater Pollestad som den godslege broder Tuck kverv, og attende sit vi med biletet av Jorge de Burgos i "I rosens navn" - den dogmatiske munken som øydela Aristoteles' tapte verk om komedien av di han var redd for at folk skulle lære å vera kritiske mot pavekyrkja.

Heldigvis treng vi ikkje Aristoteles for å vera kritiske og le av kyrkja. Det einaste ein treng er å sjå sjølvhøgtidelege prestar og munkar som ikkje vil sleppe til kvinnelege prestar av di ein prest skal vera ein farsfigur. Og som den same pateren sa det så godt i kveld: "En kvinne kan jo ikke være far". Vel, eg trur eg står over farsfiguren Pollestad òg.

Slepp til nynorsken!

Eg oppmodar alle til å bli med på kampanjen "Slepp nynorsken til!". Ver med og få oppheva forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG!