25.3.07

Variert om samlingsutvikling

Av: Vidar Lund
Velge & vrake : samlingsutvikling i folkebibliotek / Åse Kristine Tveit (red.) – [Oslo] : Biblioteksentralen, 2006. – 187 s. – ISBN: 82-7022-320-4.

Denne boka er ein type bok eg skulle ynskt meg fleire av: ei fagleg utviklande bok meint for oss i ”det vanlege” folkebiblioteket. Dei ulike artiklane kjem både frå praktikarar i ”felten” og frå skandinaviske forskings- og utdanningsmiljø. Dette er definitivt ein styrke for boka, det gjer at problemstillingane blir meir reelle og direkte relevante for folkebiblioteka.

Boka tek opp ulike spørsmål kring medieval i folkebiblioteka: Kva er relevant kvalitet? Korleis setje brukaren i sentrum - og kva brukarar skal setjast i sentrum? Og som tittelen seier blir det òg fokusert på korleis ein kan gå fram for å vrake. Boka gjev innsyn i ulike moment kring samlingspleie, og er eit verdfullt påfyll for alle oss som sit med meir eller mindre tronge budsjettrammer og overfylte bokhyller.

Boka er utgjeven av Biblioteksentralen, medan redaktøren Åse Kristine Tveit på utgjevingspunktet jobba ved bibliotek- og informasjonsstudiet ved Høgskolen i Oslo. Denne måten å samarbeide på trur eg er bra for heile bibliotekmiljøet. Ved slike utgjevingar ser vi nytten av at Biblioteksentralen ikkje berre er ein kommersiell medieleverandør, men ått av kommunane (og dimed biblioteka). Eg vonar at det kjem fleire slike utgjevingar, dei hjelper definitivt til med kompetanseutviklinga i biblioteka.

21.3.07

Farleg herleg...

Kva som er farleg herleg? Skuter sjølvsagt... Heilt forkasteleg sånn miljømessig sjølvsagt, men veldig artig! Vi køyrde opp Adventdalen og så utover Helvetiadalen mot Elveneset og Tempelfjorden. Utruleg flott tur! 25 personar i skuterkolonne er ganske stileg. Men som eg sa opp til fleire gonger undervegs: eg har ikkje råd til å få skuterkøyring som ei dille... Og det bråkar noko heilt inni helvete! Det blir ikkje ei god naturoppleving, sjølv om det blir ei flott fartsoppleving :-) Ein forbind ikkje den frie naturen med bensinstank og hissige motorar!

20.3.07

Svalbard er magisk!

Rett frå landsmøtet i Sp til Forskingsdagane sin "kick-off"-konferanse i Longyearbyen på Svalbard. Sånn går no dagane...

Turen starta då eg kom til Gardermoen. Der var det fullt kaos måndag morgon. Flyet til Longyearbyen skulle gå kl. 09.20, så eg var no på Gardermoen nesten ein time før. Det skulle vera godt med tid. Det hjelper lite når det er 50 meter med kø føre baggasjedroppen!! Heilt utruleg! Ekstra provoserande var det sjølvsagt at to av skrankane var lukka...

Det er litt merkeleg opplegg på flygingane til Longyearbyen. Det er same fly som går heile vegen, men ved mellomlandinga i Tromsø må alle av. Stress og mas. Tromsø må forresten ha ei av verdas venaste innflygingar. Når det er finvêr er det berre utruleg flott. Det same gjeld innflyginga til Longyearbyen - men der er det litt meir ustabil luft, det vart nokre sekund der vi letta litt frå stolane.

Kvifor eg er på Svalbard? Prioriterer Sør-Varanger bibliotek verkeleg Forskingsdagane så høgt at vi brukar tusenvis av kroner på å reise til ein konferanse på Svalbard?? Nei, vi gjer jo ikkje det. Men i fjor hadde vi eit par arrangement under Forskingsdagane, og då var eg flink gut og sende inn evalueringsskjemaet. Dimed vart eg trekt ut til å vera med på denne "kick-off"-konferansen. Særs bra!

I år er temaet for Forskingsdagane Polaråret 2007/2008 og globalisering. Det ber sjølvsagt konferansen preg av, med føredrag om ulike sider ved Svalbard-samfunnet, klimaforsking, UNIS og elles ymse ting som gjeld Forskingsdagane generelt.

Eg må innrømme at eg kjenner meg LITT som sporv i tranedans her, det er mange forskarar og profesjonelle forskingsformidlarar her - men samstundes er det definitivt interessant. Bibliotek burde satse meir på Forskingsdagane - kan hende det burde vori arrangert ein eigen bibliotekkonferanse med forskingsformidling som tema? Det kunne vera ei oppgåve for anten Forskingsdagane eller ABM-Utvikling.

I morgon skal vi ut på skutertur. Eg har budd i Kirkenes i 4 år men aldri vori på ein skuter. Allting må prøvast - eg vonar berre at eg ikkje blir biten av basillen :-)

17.3.07

Statskyrkjedebatt i Senterpartiet...

På landsmøtet hadde eg innlegget under. Det er tynt mellom statskyrkjemotstandarane i Sp... :-)

"Det har vori interessant å høyre innleiingane, og særleg biskop Stålsett si. Eg må seie at eg aldri har tvilt korkje på nestekjærleik eller intellektuell kapasitet der i garden. Når det i presentasjonen føre landsmøtet stod i ei pressemelding at "Biskop Gunnar Stålsett skal holde en innledning, deretter skal det vedtas en resolusjon" fekk eg likevel eit sterkt behov for å seie at ikkje ein gong i Senterpartiet er det unison oppslutning om statskyrkja - korkje mellom tillitsvalde eller medlemer. Dette kan ikkje bli vår nye EU-sak. Statskyrkja er ei ekskluderande sak, ikkje ei inkluderande sak. Men eg skal innrømme det: det er eitt einaste argument for å halde på statskyrkja. Det er så praktisk. Litt over 80 % er medlemer, er det no noko problem at staten og kommunane tek seg av dette. Det blir sagt at ein vil ha ei folkekyrkje, ei kyrkje for alle. For min del er eg meir oppteken av staten. Eg vil ha ein stat for alle, ein stat som verken favoriserer eller diskriminerer på vegner av ein særskilt religion. Eg vil ha ein stat som meiner at menneskerettane er viktige, t.d. dei som garanterer trus- og livssynsfridom. Eg vil ha ein stat som erkjenner at tru og livssyn er særs viktige delar av identiteten for mange menneske - både for dei som trur på ein eller fleire gudar og dei som ikkje gjer det. Eg har vori medlem av Human-Etisk forbund sidan eg var 15. Sjølvsagt er det viktig for meg. Eg krev at staten - og Senterpartiet - skal sjå det som like viktig og rett som at biskop Stålsett trur på ein gud og ei heilag ålmenn kyrkje. Etter mi meining let ikkje eit syn som respekterer Stålsett og meg sine livssyn like mykje, seg sameine med ei kyrkjeordning som vi har i dag, ei kyrkjeordning der staten openbert favoriserer eitt trussamfunn framfor alle andre. For å bruke ein forsliten frase: det er urettferdig, og urettferdigheit skal vi kjempe mot. Akkurat som vi kjempar for like levevilkår i by og bygd, jamstelling mellom kvinne og mann, nynorsk og bokmål, homofile og heterofile, bør vi kjempe for ei jamstelling mellom Den norske kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunn. For meg er det eit spørsmål om likeverd og menneskeverd. Eg kjem til å røyste mot resolusjonen, og vonar fleire gjer det."

Korleis det gjekk? Ingen overraskingar, les i Vårt Land.

16.3.07

Landsmøte i Sp

Så er det landsmøtetid igjen! Over 200 senterpartistar er samla på Lillehammer. Som leiar i Oppland Senterparti Ivar Odnes sa det i helsinga si: "Dette er det viktugaste som har skjedd på Lillehammer på 13 år og ein månad" :-)

Åslaug Haga hadde ein glitrande leiartale, der ho drog inn fleire frå salen - både ordføraren i Lom, ein representant frå Tanzania og ordføraren i Aurskog-Høland vart dregne fram for å syne fram kva god Sp-politikk vil seie lokalt. Les meir på landsmøtesidene til Senterpartiet.

12.3.07

Onkel reisande Mac

Her blir det ikkje mykje ro og fred...
15.-18. mars: Landsmøte i Senterpartiet, Lillehammer
19.-22. mars: Avspark for Forskingsdagane, Svalbard
26.-27. mars: Styremøte m.m. i Norsk Bibliotekforeining, Oslo
2.-10. april: Påskeferie i Milano, Liguria, Provence...

Skal det vera ei dødsmesse?

I helga skjedde det - endeleg framførde vi Faurés Requiem i Kirkenes kyrkje. Stor suksess, 150 tilhøyrarar og 25 sveitte men lukkelege songarar. Det gjekk jo bra, trass i at vi berre hadde 3 øvingshelgar... Mitt bidrag, i tillegg til medansvar for å ha sett i gong heile greie, var å setje om requiem til nynorsk :-) Det enda faktisk med at konserten var kuppa av Varanger Mållag, sidan 2/3 av styringsgruppa er målfolk ;-)

Her er iallfall mitt verk - og dette er ikkje ein tekst for pinglar...

Requiem
Katolsk messe
Omsetjing frå engelsk/latin: Vidar Lund

Innleiing og kyrie (Introit et kyrie)
Gje dei æveleg kvile
Gud vår Herre, vi bed deg:
Lat ljoset skina på dei i all æve
Vi hyllar deg, vår Gud, på Sions berg
Du skal hyllast i heilage Jerusalem
Høyr oss, Gud, høyr bøna frå tenarane dine
Alt vårt kjøt er ditt.
Kyrie eleison
Kriste eleison

Offertorium (Offertorium)
Vår Herre Jesus Krist
vår lysande konge.
Fri sjelene til dei som trur og har fare frå oss
frå den ævelege pina
og dei botnlause djupa.
Vår Herre Jesus Krist
vår lysande konge.
Fri sjelene til dei som trur og har fare frå oss
frå gapet åt løva,
elles hamnar dei i djupet hjå Hel.
Vår Herre Jesus Krist
vår lysande konge:
Redd dei frå det ytste mørkret!
Høyr vår bøn
og lat våre rop nå deg!
Gud, vår Far,
opna ditt øyra.
I dag bed vi for alle sjeler som har fare frå oss.
Vi bed deg om å minnast dei.
Herre, fri dei frå døden og gje dei liv
Vi bed deg, du som lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt.
Vår Herre Jesus Krist
vår lysande konge:
Fri sjelene til dei som trur og har fare frå oss
frå den ævelege pina
og dei botnlause djupa.
Redd dei frå helvetes mørker.
Amen.

Heilagt (Sanctus)
Heilagt, heilagt
Heilage Herre
Allhærs Gud
Himmelen og jorda er fylt med di ære,
O Herre.
Hosianna i det høgste

Velsigna Jesus (Pie Jesu)
Velsigna Jesus,
eg bed deg, Herre,
at du i din miskunn gjev dei kvile.
Velsigna Jesus,
eg bed deg, Herre,
at du i din miskunn gjev dei kvile i all æve.

Guds Lam (Agnus Dei)
Guds Lam,
som tek alle synder frå verda,
gje dei kvile i all tid.
Høyr oss, høyr oss, Guds Lam.
Vi bed deg, heimsens frelsar,
gje dei æveleg kvile.
Æveleg ljos skin på dei,
skin på dei, Herre vi bed:
Med alle dine helgenar i endelaus ære
for din milde nådes skuld.
Gje dei æveleg kvile
Gud vår Herre, vi bed deg:
Lat ljoset skina på dei i all æve

Fri meg (Libera me)
Fri meg, Herre,
frå dødens ævelege flammar
på Domens Dag,
på den siste fryktelege dagen:
Då skal jorda og himmelen skaka og rista.
Du skal koma med din mektige
Domens brann.
Eg står framføre deg og skjelv
i frykt og redsle:
Din vreide skal koma ned over jorda
og alt kjøt skal løysast opp.
Prøvens dag
Domens dag
Død og øydelegging, liding og pine
Vreidens dag
Hemnens dag
Sorgas dag
med otte og bitter sut.
Gje dei æveleg kvile
Gud vår Herre, vi bed deg:
Lat ljoset skina på dei i all æve
Fri meg, Herre,
frå dødens ævelege flammar
på Domens Dag,
på den siste fryktelege dagen:
Då skal jorda og himmelen skaka og rista.
Du skal koma med din mektige
Domens brann.
Fri meg, Herre,
frå dødens ævelege flammar.
Eg bed deg.

I Paradis (In Paradisum)
Guds heilage englar
tek deg til Paradis.
Alle helgenar tek imot deg
ved vegens ende,
dei syner deg vegen
til den Heilage byen Jerusalem.
Englekor syng deg til kvile,
og med Lasarus oppstanden til æveleg liv,
kan du kvila i fred i all tid.