9.1.07

Fram for sørhavskongen!

Dette innlegget har eg lagt ut på Dagbladet.no!


Ordskiftet om omsetjing er mykje meir komplisert enn spørsmålet om negerkonge/sørhavskonge. Kva er det som skjer i ein omsetjingsprosess? Jo, ein heilt annan person går inn og arbeider med verket til forfattaren, slik at det blir lesbart for ei ny lesargruppe. Fyrst og fremst går dette på omsetjing frå språk til språk (engelsk-norsk, norsk-tysk osb.), men det går òg på omsetjing frå ein kultur til ein annan, frå eit tenkjesett til eit anna. Ein kan ikkje berre omsetje ord for ord - ein må òg omsetje slik at reaksjonane blir mykje dei same for dei som les omsetjing som for dei som les originalen. Same kva språk eller kva tidsalder ein omset til, vil det vera naudsynt å gjera tilpassingar.

Sjølv har eg skrivi om den norske omsetjinga av Harry Potter. Her tek omsetjaren seg store fridomar i høve til originalen. Han omset til og med namna til personar og stader! Kvifor? Jo, av di den norske lesaren skal sitje att med den same lesaropplevinga som den engelske. Når så namna i originalen er så meiningsberande som dei er, har omsetjaren i røynda ikkje noko val.

Er så dette relevant i høve til Pippi? Så definitivt, og dette har ikkje noko med politisk korrektheit å gjera. Det har med å omsetje mellom tidsaldrar òg, ikkje berre språk. Pippi er i sitt vesen tidsuavhengig. Det er komplett irrelevant for bøkene om dei føregår i Sverige i mellomkrigstida eller Kanada for ti år sidan. Men likevel: Astrid Lindgren skreiv bøkene i si tid, ut frå det som var samfunnet då. Språket hennar er sjølvsagt prega av det. "Negerkonge" bar på den tida med seg noko eksotisk, ein eim av spaning og eventyr. "Neger" var eit vanleg ord for folk som budde langt unna, det var varmt og dei var ikkje så industrialiserte.

Sidan då har samfunnet definitivt endra seg. Dei Astrid Lindgren kalla "neger" er i dag afrikanarar, nigerianarar, nordmenn - og bur i same oppgang som alle andre. Då må spørsmålet for omsetjaren bli: ber "negerkonge" i dag med seg same forståing som det gjorde på 50-talet? Eg trur svaret er openbert: nei. Å skrive "negerkonge" i ein moderne tekst (som ei omsetjing er), vil definitivt vera noko anna enn å skrive det på 50-talet. Vi forbind noko heilt anna med det ordet i dag. Vi kan like det eller ikkje, men sidan dei personane som ein tidlegare kalla "neger" ikkje likar det og oppfattar det som negativt, kan ikkje majoriteten seie at de kjenner feil. Iallfall ikkje med nokon rett. Vi kan jo sjå på ordet "negerarbeid". Dette er eit ord som framleis blir mykje brukt. Alle skjønar kva som blir meint om nokon bruker ordet: dette er keisamt, rutineprega arbeid som liknar på t.d. plantasjearbeid, du slepp å tenkje. Sjølvsagt er dette eit negativt lada ord! Det fokuserer på ei folkegruppe, ikkje på ein funksjon.

Så: stå på for sørhavskongen!