19.10.03

Hei!
Eg skriv her med ujamne mellomrom, den lovnaden har eg klart å halde. Den siste veka har vori ganske så hektisk - eg har (som vanleg) hatt fulltidsjobb, samstundes som eg har vori med på forhandlingane mellom Sp, H, FrP og MVL for å konstituere kommunestyret her i Sør-Varanger. Eg ser frå sist at eg hadde ei god kjensle før valet - og det gjekk bra, iallfall her i Sør-Varanger. For fyrste gong sidan 1930-talet blir det noko anna enn Ap-ordførar. Ja, bortsett frå det eine året 1946-1947 då det var NKP-ordførar då :-)

Elles så har "De5" hatt premiere. De5? Ei acappellagruppe her i Sør-Varanger. Vi hadde framføring på Ofelas, ein av dei lokale pøbbane i Sør-Varanger, på torsdag. Veldig kjekt, responsen var rett og slett enorm, sjølv om lokalavisa klaga litt på urøynt mikrofonbruk. På hi sida, det var det einaste negative dei kom dragande med, så eg trur vi skal vera nøgde så langt. Vi har trass alt hatt berre 4-5 øvingar enno! Men artig var det!

Vidar

7.9.03

Sanneleg lenge sidan eg har skrivi noko no... Slik blir det gjerne, ein går hardt ut og så blir det vanskeleg å fylgje opp. Sidan sist har eg hatt noko ferie, men eg har gjort mykje anna òg. T.d. har eg skrivi 40-årssoga til Sør-Varanger Senterparti, noko som var særs artig. Som heilt ny medlem var det ein glimrande måte å koma inn i lokallaget på. Og no ser det ut til at det kan gå bra i valet òg, iallfall ifylgje meiningsmålingane!

Sidan sist har eg òg funni ut at det er lurt å satse på meir utdanning. "Mastergrad" kallar dei det no. Eg skal ta mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Det er eit særs spanande studium, vi får sjå kor lang tid det kjem til å ta.

Til slutt: eg oppmodar alle til å røyste på Senterpartiet 15. september!

Vidar

15.5.03

På veg til Russland

26.-29. mai skal eg til Murmansk, på konferansen "The Reading Murman". Ein stor konferanse for bibliotekarar frå heile Kolahalvøya + ein liten delegasjon frå Finnmark. Eg skal halde føredrag om norsk litteraturpolitikk. Det er visst veldig stort at det kjem ein ung, mannleg biblioteksjef dit, så eg kjenner forventningspresset.

Men no er ikkje føredraget eg skal halde så veldig langt. Eg har fått 30 minutt - men det er medrekna tolking! Så i røynda har eg 15 min å presentere ting som biblioteklova, bibliotekvederlagslova, meirverdiavgiftsfritak, innkjøpsordningane og bransjeavtalen. Det blir nok eit stutt sveip over norske litteraturordningar...

Eg trur det skal bli veldig spennande, særleg å lære om korleis russarane driv biblioteka og korleis dei satsar på å byggje opp leseevna for ungar. Der trur eg vi heng ein del etter her i landet!

Vidar

14.5.03

I dag vil eg tipse om ein annan blog: Frulursur. Denne bloggen er vigd åt dokudikt. Som Frulursur seier sjølv: ein viktig regel for dokudikt er at dei handlar om kroppen. Difor får du dikt som dette:

doku 7
leggene mine verkjer og hovnar opp
eg sluttar å røykja

eg angrar
eg angrar ikkje

Forfattaren vil vera anonym, men gå inn på bloggen og sjå!

8.5.03

8. mai - dagen føre dagen
Iallfall i Russland. For eit par veker sidan fekk eg eit offisielt brev frå det russiske generalkonsulatet i Kirkenes:

"Den Russiske Føderasjons Generalkonsul Igor V. Bukharkin har den ære å innby VIDAR LUND til mottagelse i anledning av 58-årsdagen for seieren i Den store fedrelandskrigen (1941-1945) torsdag, den 8. mai 2003, kl. 13.30 - 15.30."

Slikt noko seier ein verkeleg ikkje nei til. Eg visste lite om kva som skulle skje og kvifor, men eg fekk ei stutt innføring av ein av kollegaene mine, ho er russisk sjølv. Det er slik at i Russland feirar ein eigentleg 9. mai, ikkje 8. Og så har ein fri 9., 10. og 11. mai for skikkeleg å feire sigeren. Kvifor 9. mai? Jo, av di det var då dei nådde Berlin! Tyskland kapitulerte 8. mai, men Stalin gav seg ikkje før Berlin var teken...

Og det fører til slike utskeiingar som eg var "offer" for i dag. Eller utskeiingar og utskeiingar - eit glas vodka eller to kan knapt kallast ei stor utskeiing, bortsett frå at det var i arbeidstida då... Det var litt av ei mangfaldig forsamling som møttest - unge søringar frå bibliotek, politi og forsvar, russiske babusjkaer, norske og sovjetiske krigsheltar, kommunestyrerepresentantar m.m. Ei salig blanding. Høgdepunktet på markeringa var definitivt ein gamal mann som var framtung av medaljar. Sovjetiske, sjølvsagt. Han gjekk rundt og snakka russisk og norsk om einannan, norsken var fascinerande blanding av "gebrokki" norsk og gamal, gamal, finnmarking. Ein av dei andre forklarde: Han var fødd og oppvaksen i Tsypnavolok, den "norske" bygda på Fiskarhalvøya!! Ein såkalla Kola-nordmann altså. Du finn meir om Kola-nordmennene i eit føredrag av Morten Jentoft hjå Utanriksdepartementet. Søk etter "Jentoft" på sida, så finn du fram. Han har òg skrivi bok forresten, om Kola-nordmennenes historie.

Men attende til den gamle mannen. Det som var så fascinerande var at han byrja å syngje. Han hadde med seg ein kar på trekkspel, så drog dei i gang med russiske folkeviser. Heilt fantastisk, publikum vart heilt rivi med. Ei utruleg verdig feiring av 58-årsdagen for sigeren i Den store fedrelandskrigen!

6.5.03

Som den trufaste (?) lesaren sikkert har lagt merke til - det er ikkje mogleg å oppdatere ein blogg kvar dag. Iallfall ikkje om ein skal skrive noko med mål og meining i. Og det er jo målet.

Av alle ting har eg tenkt å sympatisere med Otto Jespersen og Kåre Valebrokk. Det skal ikkje bli ein vane, men her er det verdt å gjera. Dei er nemleg sikta for å ha brent det USA-nske flagget på Torsdagsklubben. Kristenfundamentalistar melde dei, og politiet meinte vel dei måtte jobbe med saka. Dersom dei skulle bli tiltalte er det litt av eit paradoks - i USA er det nemleg domar på at flaggbrenning er ein del av ytringsfridomen!

Spørsmålet er: kva rett skal gå fyrst? Ytringsfridomen eller flaggvernet? Eg trur svaret må vera enkelt. Eg vonar det iallfall. Det bør særs mykje til å innskrenke ytringsfridomen, at Noreg skal verne sterkare om det USA-nske flagget enn dei gjer sjølve er vel ikkje nok.

No er det slik at USA tevlar med Israel om å vera landet med Guds utvalde folk, så då er det klart at slik handsaming av symbolet for USA er hardt å svelgje for somme. Men det er det ytringsfridom handlar om - at ein må tole at folk har andre meiningar enn seg sjølv. Levi Fragell har uttalt at islam er ein stor fare for verda, ut frå argumentasjonen om at det er ein underutvikla religion som ikkje tek opp i seg samfunnsendringar dei siste 200 åra. For å koma med eit trøndersk understatement: det er vel ikkje akkurat såleis at baptistane og metodistane frå dei USA-nske sørstatane står lengst til venstre på den politiske skalaen heller.

2.5.03

Bloggen er veldig fin til å diskutere ting med seg sjølv.

Fredagen for ei veke sidan var eg på årsmøtet i Biblioteksentralen AL. Eg lyg om eg seier at sjølve årsmøtet var særs gjevande, men det var eitt bra innslag iallfall: ein slags årstale ved Jon Bing. Han er nemleg ingen tosk. Eg har hatt sansen heilt sidan eg las bøkene om stjerneskipet Alexandria, eit gigantisk bibliotek som var innom Azur, Zalt, Mizt og Tanz.

Men tilbake til saka: på årsmøtet heldt altså Bing tale. Tala var om biblioteka si rolle i framtidssamfunnet. Eg tok (som vanleg) ikkje notat, og det er ikkje alt eg minnest. Men ein bisetning slo rot i meg: "Hvorfor skal ikke bibliotekene kunne selge bøker??" Det var eigentleg eit veldig godt spørsmål. Kvifor ikkje??

No er det slik at på mange stader er det faktisk ein bokhandel, som i og for seg treng det salet han har. Men har bokhandelen brukte bøker? Sjeldan. Og smale bøker? Endå sjeldnare, sjølv om han skaffar. Og for ikkje å snakke om kor vanskeleg det er å skaffe anna CDar enn listepop og køntri på småstadene. Eller klassiske filmar som er eldre enn to år... Det finst nok nokre nisjer der ute kor biblioteket kan utnytte fagkompetansen i staben til både å gjera brukarane meir nøgde og kommunekassa meir positivt innstilt!

I dag har eg skrivi eit frådande innlegg til Trønder-Avisa på nett. Eg veit det er kjemping mot vindmylner når ein prøver å argumentere vitugt med nasjonalsjåvinistar, men somme gonger er det umogleg å kjempe imot... Her er innlegget - du finn det òg på internett saman med heile ordskiftet.

Kjære "Geir" (eg skriv i hermeteikn så lenge du ikkje oppgjev fullt namn).

Eg ventar framleis spent på LØYSINGANE på det du oppfattar som uoverstigelege problem. Eg har tidlegare skissert somme av dei, der dei fleste er brot på folkeskikk, norsk lov, folkeretten og/eller konkrete internasjonale avtaler.

Så kom med løysingane, dei som ingen andre har sett. Eg har allereie plukka frå kvarandre den enorme statistikken din. Eit siste poeng er det faktumet at av alle i Noreg under 17 år - det utgjer 1067000 personar - er berre 3 % i kategorien "fødd i utlandet av utlandske foreldre". Rundt 30.000 altså. I gapet mellom 3 % og 42 % har vi ungar og ungdomar som har ei eller anna tilknyting til Noreg i utgangspunktet. Anten ved at dei er fødde og oppvaksne her, at dei har norske foreldre eller er adopterte inn i ein norsk familie. Dette har frykteleg lite med det "Geir" bråkar om, men det syner korleis det er mogleg å misbruke statistikk. "Geir" har heller ikkje sagt noko om kvar grensa går for kva som er akseptabelt. Meiner han at muslimar i Noreg må konvertere for å få statsborgarskap? I så fall vil eg gratulere, du har nettopp passert Iran i brot på trusfridomen. Men det veit eg ingenting om, for du seier jo ikkje kva du eigentleg meiner! Er det av di det vil vera eit brot på norsk lov å seie kva du meiner? Eg anar ikkje. På heimesida skriv du noko om at du sjølvsagt ikkje vil fråta folk sine rettar, statsborgarskap osb. Nei vel, kva har du då tenkt å gjera for å "verne norsk kultur"?

Mi røynsle, etter 13 år med norskdomsarbeid, er at den beste måten å fremje norsk kultur på er å bruke han. Skrive nynorsk, snakke dialekt, eta norsk mat, arbeide for norsk språk på Internett osb. Det er eit arbeid som er positivt, som fremjer norsk kultur utan å seie at alt anna er så frykteleg gali. For det finst positive og negative element i all kultur. Den norske drikkekulturen er ikkje akkurat eit positivt bidrag til verdssamfunnet t.d. Ikkje det trongsynte verdsbiletet til "Geir" heller. Men lat oss heller diskutere innhaldet politisk då, i staden for berre å seie at alt anna er mindreverdig.

Og til slutt: eit fellestrekk ved alle dei "nasjonale" (eg vil heller seie sjåvinistiske) peikarane til "Geir" er at dei er anonyme. Umogleg å sjå kven som er ansvarleg redaktør m.m. Det er mogleg det er for å gjera det vanskeleg å saksøkje dykk, men eg har berre eitt ord for det:

FEIGT

Vidar Lund

1.5.03

Opp trælar alle no kring jorda!

Medan eg budde i Oslo markerte eg 1. mai kvart einaste år, med å gå i 1. mai-frukosten til Studentmållaget (SmiO), deretter 1. mai-tog frå Youngstorget under parola til SmiO og avslutning med fest på Blå eller noko anna. Så flytte eg til ein gamal gruvekommune, der vidgjetne "Nordens klippe" står for arrangementet. Og eg er ikkje på noko arrangement. Kvifor?

Biblioteket leiger lokale hjå Samfunnshuset, det som er Folkets Hus i Kirkenes. I går sat eg på kontoret mitt, så stakk vaktmeisteren hovudet innom. Han lurte på om det var greitt at dei gjekk gjennom kontoret mitt 1. mai for å koma ut på balkongen i tilfelle dei skulle ha appell derfrå. Det var sjølvsagt heilt ok. Så spør eg om det er kven som er tilskipar - er det LO eller Ap? Vel, sa han, det er jo LO, men her i kommunen spelar ikkje det så stor rolle... Eg skjøna at kombinasjonen min av senterpartist og LO-medlem er ganske sjeldan. Og når det då er fylkesordførarkandidaten til Ap som skal halde appell? Nei takk.

Her i Finnmark har vi forresten dårleg røynsle med fylkesordførarar frå Ap. Ho som er no, Evy-Ann Midttun, melde seg ut av partiet for å få lov til å selje det fylkeskommunale rutelaget... Forstå det den som kan.

30.4.03

Eit tips for alle med Sp-sympati: sjå serien "På bølgelengde" på TV2 på kvardagar kl. 17.30. Mykje god humor, hets av urbanistar og korleis det er å leva på den australske landsbygda. Veldig bra! Serieskaparane burde fått heidersmedlemskap i Senterungdomen... :-)

I dag fekk eg eit artig spørsmål. Nokon sat på Kirkenes sjukehus, og hadde tydelegvis funni eit emne å diskutere: kvar kjem ordet "russ" frå??

Sant å seie visste eg no ikkje. Men ein bibliotekar er aldri rådlaus, kva har ein ikkje elektroniske ordbøker for?? Eg søkte og fann forklaringa her.

Ein russ er altså ein som legg frå seg horna... Om det har noko med horn i sida til folk er ikkje godt å vita, men kven veit?

Velkomen til opninga av bloggen min!

Dette fenomenet med ein blogg der ein legg ut kva ein tenkjer, meiner, tykkjer er viktig og slikt er spennande. Ein heilt ny måte å publisere ting på utan å gå vegen om ein redaktør. Det blir sjølvsagt både på godt og vondt, ein redaktør er faktisk ganske hjelpsam - iallfall av og til. Bloggen blir meir for det uredigerte og det direkte.

Det kjem meir etterkvart!

Vidar