12.1.05

BRAC er opna

Ein lang dag er over. Eg var på jobb 07.10, av di eg hadde avtalt å vera på NRK Finnmark då. Det er ny rekord trur eg - eg er helst mellom dei som utnyttar fleksitida maksimalt - dvs. at det er sjeldan eg er på jobb før 9... Så gjekk det slag i slag, med førebuingar til opninga av BRAC, lunsj med delegasjonen frå ambassaden og deretter opningsseremoni. Det var særs artig, men strevsamt... Det enda med middag på "Direktørboligen" - ein middag som både var velsmakande og triveleg.

Det er utruleg mykje stress når ein skal skipe til slike ting, men ein får betalt gjennom at andre set pris på jobben ein har gjort. Så absolutt alle på biblioteket skal ha æra for ei godt gjennomførd tilskiping - rett og slett.

11.1.05

BRAC i kjømda

Jaja, det nærmar seg... Dette blir særs spennande - no kjem det 60-70 personar, og alle skal få mat og drykk, talar, musikk m.m. Ingen tvil om at forventningspresset er stort. Men det går nok bra, her på biblioteket får vi til det meste når vi dreg i lag! Kva BRAC er? Sjå her!

9.1.05

Snart Oslo-tur igjen!

Som somme veit så sit eg i styret i Noregs Ungdomslag. Det er ein gamal og flott organisasjon! Det fører til at ein kjem seg til Oslo av og til - og då oppsøkjer eg gjerne operaen! No gled eg meg vilt og hemningslaust til neste gong eg skal til Oslo - eg har nemleg fått billettar til "Giulio Cesare in Egitto" - eller Julius Cæsar i Egypt. Det er ein opera av Händel, dvs. ganske så barokt ;-) Grunnen til at eg gled meg særleg til denne framsyninga er at Julius Cæsar blir sungi av ein mann! Og kvifor skulle no det vera spesielt? Jo, av di det er skrivi i alt-leie. Dei siste par hundre åra, etter at det vart moderne å late korgutane få ha understellet sitt i fred, har det oftast vori kvinner som har sungi denne rolla. Litt omvendt transing... Men no er det menn som syng rolla, etter at kontratenor igjen har komi på moten! Sidan eg òg syng kontratenor ved høve er det litt ekstra kjekt når eg får høyre ein i operaen!!

8.1.05

Eg lærer aldri - 2

Ein annan ting eg aldri lærer, er at ein ikkje kan kjøpe abonnement hjå Telenor. Etter at eg flytta, fann eg ut at eg skulle byte ADSL-abonnement frå Tiscali til Telenor. For å seie det slik: Telenor skal få ei veke til på å betre kapasiteten før eg seier opp avtalen p.g.a. avtalebrot. Dei klarer ikkje å levere tilgang meir enn eit par timar om kvelden. SKANDALE!!! Eg har ein mistanke om at det er det same som har skjedd her som i Vestfold.

5.1.05

Eg lærer aldri...

Kva eg ikkje lærer? At når du opnar kjeften på eit møte i ein organisasjon så får ein eit verv. Så no er eg nyvald medlem i valnemnda for Fagforbundet avd. 308 i Sør-Varanger...

Som senterpartist er eg sjølvsagt medlem i LO, det skulle berre mangle ;-)

2.1.05

Amerikansk hjørne

Er Vidar vorten Bush-tilhengar no? Det kan ein spørje seg om, no som eg driv og opprettar "The Barents Region American Corner" på biblioteket på Kirkenes. Heldigvis er USA mykje meir enn George Bush, landet er nesten ein verdsdel i seg sjølv. Utruleg mangfaldig og variert, der statane har mellom 500.000 og 35 mill. ibuarar og på mange måtar har større sjølvstende i høve til sentralmakta enn delstatane i det nye EU vil få. Det er eit utruleg spennande land, og når den amerikanske ambassaden kjem med eit tilbod om å byggje opp ei spesialsamling om USA kan ein berre ikkje seie nei. Du kan sjå kva bøker og tidsskrift vi får ved å gå inn i katalogen til Sør-Varanger bibliotek. Mange av bøkene er vi dei einaste i Noreg som har! Vi opnar 12. januar, og fram til då kan du sjå utvalet av bøker ved å klikke på peikaren over.

1.1.05

Rart nyttår

Denne jula har vel vori bortimot den verste i soga åt manneætta. Med 150.000 og kan hende 200.000 avlidne, kjenner ein seg ganske så makteslaus. Ein får berre gje nokre kroner til Raudekrossen, så kjem dei fram til dei som treng det.

Godt nytt år!