2.6.05

Fram for bibliotekarplakaten!

Ei sak som eg har fått litt interesse for i det siste er folkebiblioteket sin plass i det demokratiske systemet, og kva den plassen har å seie for våre prinsipielle og økonomiske råmer.

Eg har høyrt om døme der biblioteka er vortne kritiserte for å jobbe med politikk, for å arrangere møte som er ubehagelege for kommuneadministrasjonen m.m. Spørsmålet blir då: om biblioteket skal vera ein nøytral, engasjerande stad for alle, der alle ibuarar kan finne informasjon om kva det skal vera - er det då rett å vera underlagd den kommunale styringsstrukturen som ei "vanleg" kommunal verksemd? Kan ikkje biblioteket i større grad tolkast som ein møtestad for alle i kommunen, uavhengig av alder, kjønn, legning, helsetilstand osb.? Vi leverer ikkje tenester til ei særleg målgruppe som dei t.d. gjer i skulen, barnehagen og eldresentret. Vi er ein stad for daning og oppleving, som ikkje bør vera hemma av rådmenn og dilikt.

Eit motspørsmål blir då: er det ikkje slik det er i praksis i dag? Det er eigentleg eit godt spørsmål. Mange biblioteksjefar har høg autonomi i jobbkvardagen. Vi har ei opi e-postliste der det sit journalistar og plukkar opp våre (u)faglege innspel om dette og hitt. Vi styrer innkjøpa sjølve - sjølv om det er innanfor økonomiske råmer - og avgjer sjølve kva tilskipingar vi vil ha i biblioteka "våre". Sjølv om det er kommunen som er medlem i Norsk bibliotekforening, er det nesten alltid biblioteksjefen som reiser på tilskipingar og er aktiv.

Likevel: eg kjenner ei murrande uro. Kommunane driv og vedtek pressereglement og stramme kommandoliner i høve til utetterretta uttaler, og lojalitetsplikta er omtrent absolutt. Dersom det blir slik at vi ikkje kan skipe til møte om kommuneplanen av di plan- og utviklingsavdelinga blir fornærma, blir det feil i høve til vår oppgåve i samfunnet.

Då vi her i Sør-Varanger fekk ein avtale med USA-ambassaden om Barents Region American Corner (BRAC) fekk eg inn ein klausul om at sjølv om ambassaden kjøper inn bøker og tidsskrift, sit biblioteksjefen med ansvaret og siste ord. Eg har altså eit slags redaktøransvar for samlinga. Eg har tenkt meir på det og spekulerer på om det eigentleg er eit godt konsept for biblioteka som heilskap. Biblioteksjefen bør anten få lovfest eit redaktøransvar for bibliotekdrifta, elles så bør partane i arbeidslivet i samarbeid med Norsk Bibliotekforening lage ein redaktørplakat for folkebibliotek. Ein slik redaktørplakat treng slett ikkje vera særleg omfattande, men det er viktig at han slår fast nokre prinsipp for biblioteksjefen sitt ansvar. Her er seks døme, som slett ikkje er ei fullstendig liste!

1) Biblioteksjefen er øvste ansvarlege for bibliotekdrifta etter økonomiske rammer frå eit folkevald organ.
2) Biblioteksjefen har til oppgåve å leggje til rette for ein opplyst offentleg samtale i samarbeid med andre aktørar i samfunnet.
3) Biblioteksjefen skal sikre alle i kommunen tilgang til det dei oppfattar som relevant informasjon.
4) Biblioteksjefen skal fremje kunnskap og kultur i sitt område, med vekt på variasjon og breidd.
5) Biblioteksjefen har rett til å uttale seg på vegner av biblioteket etter å ha varsla ordførar/rådmann fyrst.
6) Biblioteksjefen kan tilsetjast på åremål, med minimum 5 år i fyrste periode.

Som de ser: dette er ein freistnad på å tryggje autonomien i ei verd der biblioteka mange stader er offer for skiftande politiske vindar. Eg trur ikkje at det blir press mot norske bibliotek i høve til å kaste bøker om homofili eller utviklingslæra, men kven veit? Vi hadde ikkje trudd det kom frå USA heller for 25 år sidan.

Dette er alt for no - eg kjem tilbake seinare, med noko som er ein freistnad på eit columbi egg for kommunar utan fagutdanna biblioteksjef. Fylg med, fylg med! :-)

1 kommentar:

  1. Hei! Eg synst det ser ut som ei bra liste du har laga der, det er flott at ungdomen engasjerer seg ;)
    Når eg les innlegga dine om bibliotekpolitikk tenkjer eg at eg skulle vorte bibliotekar, det er so mykje å gripa fatt i.
    Men no vert eg lokalavisjournalist i staden, det er ikkje so verst det heller. So kan eg kanskje skriva om bibliotekpolitikk i avisa mi.

    SvarSlett