24.2.07

Mitt nettbibliotek

LibraryThing er utruleg artig! Her kan du rett og slett lage din eigen katalog over bøkene du har i heimen - eller for den del bøker som du kunne tenkt deg å lesa! No har eg starta på min eigen katalog. På høgresida her ser du tilfeldige utval frå katalogen. Kult, eller kva??

9 kommentarer:

  1. last.fm, berre for bøker? Artig.

    SvarSlett
  2. last.fm?? Den skjøna eg ikkje :-)

    SvarSlett
  3. last.fm er ei teneste der du rapporterer inn kva musikk du høyrer på (automatisk, anten på PDen din eller iPoden din. Det funkar naturleg nok dårleg for CDar, LPar og konsertar ;-)). Tenesta gjer dinest alt mogleg rart med det du melder inn: Lager hitlister, finn brukarar med lik musikksmak, tilrår musikk som andre som liker det du høyrer på, liker. Og så vidare. Profilen min

    SvarSlett
  4. Forresten, Hr. Bibliotekar: Har du vore borti noko som heiter KOHA, som visstnok skal vera ei opensource-løysing for bibliotek?

    SvarSlett
  5. Eg er litt skeptisk til LibraryThing, og skriv meir om det på bloggen min.

    Men eg har laga meg ein profil på LibraryThing. Eg har òg oppretta gruppa Målfolk. Så får me sjå om det er noko gøy.

    SvarSlett
  6. Eg har funni ein konkret nytte - i tillegg til å lage litt artige effektar på bloggen med tilfeldige utval frå biblioteket (det ser du på høgresida her) så kan du òg utnytte det til å koma med faglege tips. Sjå t.d. på Bibliotekar i sivil. Her kjem berre bøker som eg har tagga med "Bibliotek" i katalogen min.

    SvarSlett
  7. KOHA er eit open kjeldekode-system som opphavleg vart utvikla i Ny Zealand, men no blir utvikla over heile verda. T.d. finst det eit norsk studentprosjekt ved Høgskolen i Oslo, det blir omtala på e-postlista Bibliotek-Noreg.

    SvarSlett
  8. Er nynorskutgåva på plass?

    SvarSlett
  9. er nok ikkje det...har du lyst på ekstrajobb? :-)

    SvarSlett