21.7.05

Festival

Det skal ikkje vera enkelt. Som somme av dykk veit: delegering er ikkje mi sterke side. Når ein så skal skipe til ein festival med 300 deltakarar så straffar det seg... Her er det berre å puste gjennom nasen og late det stå til! De får ta kontakt på måndag og sjå om eg lever...

Ein god ting med slike festivalar er at ein stadig lærer nye ting. Som t.d. at ein må søkje politiet om løyve for å ha ein offentleg fest, sjølv om det ikkje er alkoholservering. Det er òg slik at ungdomar under 15 år ikkje kan gå på fest åleine, sjølv om det ikkje er ein drope alkohol i lokalet. Merkelege greier...

2 kommentarer:

  1. Hei, Vidar! Du er jo flink til å organisera, du! Er ikkje det det same som å delegera? Det verkar berre som om det er andre fest(lege)-lover der oppe i nord, og det er jo ikkje di skuld. Kan ikkje ungdomar under 15 år gå på fest åleine? Det er det verste. Eg var 14 då eg gjekk på fest for fyrste gong, og der var det attpåtil store mengde alkohol, som ungkarane i bygda hadde brygga og sat på. Det gjekk jo bra med meg til slutt likevel:-) Lukke til!!!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett