Stakkars naboar
Siste tilvekst i instrumentsamlinga mi er ei blokkfløyte. Eg vil tru naboane mine elskar meg no, etter at eg har byrja øve på Händel sine fløytesonatar. Eller kanskje dei ikkje elskar meg?? Berre som ei åtvaring til alle som vil byrje med blokkfløyte: det er ikkje så enkelt som ein kanskje trur etter å ha spela på barneskulen... Berre sjå denne nettstaden med grepstabellar!
Blokkfløyta kan vera fint å høyra på, men folk (t.d. skuleelevar) som spelar surt på bløkkfløyta er noko av det verste som finst.
SvarSlettEg kjøpte meg forresten ei sers god plata her hin dagen: Crossing the Styles av den britiske gruppa Gryphon. Dei spelar (elder rettare sagt: spela) ei blanding av progrock og renessansemusikk, og hev faktisk nokre feiande flotte blokkfløytesoloar.
Å, nå fikk jeg flashback til "Varme hveteboller" på barneskolen! Dårlig gjort, Vidar!!!
SvarSlettVarme kveitebollar?? Eg veit for så vidt kva det er for noko, men kva har det med blokkfløyte å gjera?? Manglar eg noko i ålmenndaninga mi? Dette må eg finne ut av...
SvarSlett