24.4.05

Bli ein wiki du òg!

Eg har visst om Wikipedia lenge. Likevel: det er fyrst i dag at eg har skjøna kor enkelt det er, og ikkje minst kor viktig det er. Kva Wikipedia er? Det frie oppslagsverket, eit oppslagsverk som finst på nynorsk!

Som nynorskbrukar er det einaste leksikonet som finst Norsk allkunnebok frå 1950-talet. Det er ikkje mykje å klaske ræva i taket for - om du då ikkje skulle ha stor interesse for ripsdyrking i gamle Frol kommune i 1948. No var eg kan hende noko urettvis - det er sjølvsagt artiklar som er relevante framleis, sjølv om det blir færre og færre... Wikipedia er definitivt noko anna. Her skriv vi om det vi har interesse for og kunnskap om, basert på eigen kunnskap og kjelder. Ikkje minst: her blir ting oppdatert. Medan Store Norske Leksikon på nett har folketal i kommunane frå 2001, har Wikipedia 2004!

Bli med på laget du òg! Og skulle du vera så uheldig at du helst vil skrive bokmål kan du skrive på Wikipedia på bokmål... ;-)

5 kommentarer:

  1. Sida di vart vakarare no. Liknar faktisk mistenkjeleg på Ragnfrid Trohaug si, men det er no greitt :)Eksamen er forresten uhyrleg keisamt.

    SvarSlett
  2. Ps! Ho har endra sida si sidan sist eg var der inne, so det er ikkje so likt lenger likevel.

    SvarSlett
  3. Bloggen min vart mykje betre no når eg la inn Raggisland òg...

    SvarSlett
  4. Eg gav opp wikipedia då språkstriden der herja som verst og resulterte i full splitting. Det er slitsamt nok å jobba dugnad om ein ikkje skal krevja at dei venstre- og høgrehendte må grava kvar si grøft der berre ein trengst...

    SvarSlett
  5. Eg har inntrykk av at det har roa seg veldig no - sjølv om eg klør etter å rette Norge til Noreg der eg ser det...

    SvarSlett