4.3.05

Snart attende fraa EU!

EU er triveleg nok aa vitje, men det skal no bli kjekt aa koma heim att og!

Kurset denne veka har vori fenomenalt. Til og med ein Bush-kritikar er noegd med dette. Eg har ein kamerat som les Klassekampen av ein grunn: ein maa sjaa kva dei andre held paa med. Slik er det med USA og, om du er for eller mot politikken til Bush-administrasjonen er det eit viktig land!

Likevel: det viktigaste med slike samlingar er dei ulike personane ein moeter. Eg har laert mykje om baade Kosova, Vietnam, Georgia, Jordan, Bosnia-Hercegovina og Estland denne veka. Og fraa Balkan faar ein motstridande meldingar, for aa seie det pent... Medan kosovaren meiner at grunnen til krigen i Kosova var at nasjonalismen var for svak, er det motsette meldinga fraa bosnjaken! Logikken bak utsegna om at nasjonalismen var for svak, er at dei som gjekk til krig elska landet sitt for lite, slik at dei faktisk var viljuge til aa oeydeleggje landet og ofre liva til baade seg sjoelve og andre foer andre loeysingar var proevde! Det var definitivt ei interessant tilnaerming. Og snakkar du med ein kosovaalbanar: hugs at det heiter Kosova, ikkje Kosovo...