3.6.06

Den store reisa

No tek den store ferda til snart! 8. juni reiser eg til Murmansk på eit møte, så reiser eg vidare til Moskva med tog, der eg møter Erik den 11. Så går ferda austover - heilt til Midtriket - betre kjent som Kina... Du kan fylgje med på ferda på bloggen Transsibirske 2006.

11.3.06

Samferdsle og Barentshavet

Det handla innlegget mitt om på landsstyremøtet. Eg kan ikkje sitere andre sine innlegg, sidan møtet er lukka. Men eg trur eg kan lova mykje spanande innanfor Sp sine departement frametter!

Hovudinnlegget til Åslaug var derimot opi, og det er lagt ut eit slags referat hjå NRK.

Landsstyremøte i Senterpartiet

Det blir eit særs spennande landsstyremøte her på Vettre i Asker. Alle statsrådane skal ha innleiingar, og det er særs viktige saker for Finnmark som skal drøftast her. Det er for så vidt nok å nemne Barentshavet, men samferdsle, kommunepolitikk og landbruk er viktige emne for oss òg. Eg skal ha innlegg på landsstyremøtet og ta opp spørsmål som dårlege stamvegar i Finnmark, krise for godstransporten med Hurtigruta og ikkje minst jernbanesambandet Kirkenes-Murmansk. Eg har jo tidlegare vori fylkessekretær i partiet, men det er ein heilt annan og meir positiv stemning i partiet no!

Det kjem meir under møtet.

9.2.06

Anne Holt...

...er ikkje den personen eg er mest samd med politisk, for å seie det slik. Denne gongen tykkjer eg likevel ho har funni gullkornet, du kan lesa det i Dagbladet.

6.2.06

Mohammad og teikningar

Eg har ikkje tenkt å seie så mykje om Mohammad og teikningar eigentleg, anna enn at det er absurd kva konsekvensar dette har fått.

Den eg blir forbanna på er redaktøren i Magazinet. Falskare mann skal ein leite lenge etter. Sjølvsagt visste han at det vart reaksjonar på prentinga av Mohammadbileta. Han og mange andre gløymer at det er ein skilnad mellom prentefridom og prenteplikt. I tillegg finst det grenser for prentefridomen, t.d. når det gjeld rasisme og blasfemi. Når ein teiknar Mohammad, kva blir det neste? Jødar med krokut nase?

Eg trur at eitt av hovudproblema er at majoritetane i vestlege land enno ikkje har vent seg til at dei statlege religionssystema ikkje er einerådande lenger. No kan ein faktisk ikkje seie "kristne, norske verdiar" meir, ein må forhalde seg til at det norske er meir mangfaldig enn som så. Vi må rett og slett slutte å sjå på muslimar som "dei andre". Det vil faktisk seie at vi må ta like mykje omsyn til absurde utslag av islam som like absurde utslag av kristendomen. Hugs, det er faktisk berre 25-30 år sidan "Life of Brian" vart forbodi i Noreg p.g.a. blasfemi!

Ein annan ting er sjølvsagt spørsmålet: kva i h... innbiller kristne/ateistiske kommentatorar seg? Skal vi reformere islam? Låttleg.

Nye tider, nye krav?

Vel, ikkje så veldig original start, kan hende. Kva har skjedd sidan sist eg blogga? Hm... Det er på eit vis mykje og lite på ein gong. Framleis singel - har skjedd lite der. Har jobb enno - og vonleg lengre. Ikkje skjedd så mykje der heller eigentleg - anna enn at eg har von om å få forlenga vikariatet ei stund til.

På andre felt har det hendt meir. Eg er innstilt til to verv som er viktige for meg: fylkesleiar i Finnmark Senterparti og nestleiar i Norsk bibliotekforeining. I tillegg har eg jo verv i både Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad og Fagforbundet. Om det er ei line i desse engasjementa? For min del er det no det. Fellestrekka er at dei er folkelege rørsler basert på folkeopplysning (ja, eg brukar det ordet) og demokrati. Ein kan seie at arbeidet i NBF er meir fagleg retta, men engasjementet mitt kjem i tillegg av at eg trur bibliotekpolitikk er særs viktig for samfunnsutviklinga. Utan eit sterkt bibliotek(u)vesen så kjem for det fyrste norske skuleelevar til framleis å sakke akterut i høve til andre land, og utan eit sterkt lokalt og digitalt nærvære av bibliotektenester kjem sosiale og geografiske kløfter i samfunnet til å berre bli djupare og breiare.

25.7.05

over...

Endeleg er festivalen over...det har vori artig å halde på med, men pinadø slitsamt òg. Det viktigaste? At folk var nøgde med resultatet! Ikkje noko er betre enn det, eg trur nesten ikkje vi har fått ei seriøs klage. Og han såg at det var godt - eit godt gamalt sitat som gjerne kan brukast igjen :-)

21.7.05

Festival

Det skal ikkje vera enkelt. Som somme av dykk veit: delegering er ikkje mi sterke side. Når ein så skal skipe til ein festival med 300 deltakarar så straffar det seg... Her er det berre å puste gjennom nasen og late det stå til! De får ta kontakt på måndag og sjå om eg lever...

Ein god ting med slike festivalar er at ein stadig lærer nye ting. Som t.d. at ein må søkje politiet om løyve for å ha ein offentleg fest, sjølv om det ikkje er alkoholservering. Det er òg slik at ungdomar under 15 år ikkje kan gå på fest åleine, sjølv om det ikkje er ein drope alkohol i lokalet. Merkelege greier...

14.7.05

Vive la France!

Til lukke med dagen, Frankrike og alle franskmenn!

7.6.05

Til lukke med dagen!

Dette er sterke greier. Eg sit faktisk og grin av orda frå Åse Kleveland og den italienske lommetjuven - og ikkje minst: opninga av Stortinget sin jubileumskonsert med "Landkjenning". Det er sterkt!

Men noko som må vera ein grusom tabbe i Stortinget i dag: valet av musikk til kongen sin inngang til feiringa der. Kva dei spela? Sigurd Jorsalfar av Grieg. Kvifor eg reagerer?? Av di eg knyter musikken så sterkt til då Quisling gjekk på som "ministerpresident" i 1942. Eg har sett film frå det for lenge sidan, då var musikken Sigurd Jorsalfar. Musikken er flott han, men for all del: ikkje bruk han til offisielle høve!! For meg blir det som om Tyskland skulle ha starta nasjonalsongen sin med "Deutschland, Deutschland über alles" igjen!