21.7.05

Festival

Det skal ikkje vera enkelt. Som somme av dykk veit: delegering er ikkje mi sterke side. Når ein så skal skipe til ein festival med 300 deltakarar så straffar det seg... Her er det berre å puste gjennom nasen og late det stå til! De får ta kontakt på måndag og sjå om eg lever...

Ein god ting med slike festivalar er at ein stadig lærer nye ting. Som t.d. at ein må søkje politiet om løyve for å ha ein offentleg fest, sjølv om det ikkje er alkoholservering. Det er òg slik at ungdomar under 15 år ikkje kan gå på fest åleine, sjølv om det ikkje er ein drope alkohol i lokalet. Merkelege greier...

14.7.05

Vive la France!

Til lukke med dagen, Frankrike og alle franskmenn!

7.6.05

Til lukke med dagen!

Dette er sterke greier. Eg sit faktisk og grin av orda frå Åse Kleveland og den italienske lommetjuven - og ikkje minst: opninga av Stortinget sin jubileumskonsert med "Landkjenning". Det er sterkt!

Men noko som må vera ein grusom tabbe i Stortinget i dag: valet av musikk til kongen sin inngang til feiringa der. Kva dei spela? Sigurd Jorsalfar av Grieg. Kvifor eg reagerer?? Av di eg knyter musikken så sterkt til då Quisling gjekk på som "ministerpresident" i 1942. Eg har sett film frå det for lenge sidan, då var musikken Sigurd Jorsalfar. Musikken er flott han, men for all del: ikkje bruk han til offisielle høve!! For meg blir det som om Tyskland skulle ha starta nasjonalsongen sin med "Deutschland, Deutschland über alles" igjen!

5.6.05

Administrasjon med vit

Hjå NRK Sørlandet kunne vi i går lesa om at rådmannen i Kristiansand ikkje vil setje i gang med sidemåls"forsøk" i kommunen. Vel og bra det, heilt til eg såg grunngjevinga. I fylgje NRK var den nemleg at Utdanningsdirektoratet same kva kjem til å avslå søknader til Oslo-"forsøket" er evaluert.

Så gjekk eg inn på Kristiansand kommune for å sjekke kva som eigentleg stod i sakspapiret. Då vart eg litt oppløfta! Der er det nemleg ei viss drøfting av at elevane i Kristiansand ikkje kjem til å få ei likeverdig opplæring med andre elevar dersom dei "slepp" nynorsk!

Det er som Senterpartiet seier: slepp det lokale vitet til! Men det er synd at ikkje politikarane i Kristiansand har same gangsynet som administrasjonen...

2.6.05

Fram for bibliotekarplakaten!

Ei sak som eg har fått litt interesse for i det siste er folkebiblioteket sin plass i det demokratiske systemet, og kva den plassen har å seie for våre prinsipielle og økonomiske råmer.

Eg har høyrt om døme der biblioteka er vortne kritiserte for å jobbe med politikk, for å arrangere møte som er ubehagelege for kommuneadministrasjonen m.m. Spørsmålet blir då: om biblioteket skal vera ein nøytral, engasjerande stad for alle, der alle ibuarar kan finne informasjon om kva det skal vera - er det då rett å vera underlagd den kommunale styringsstrukturen som ei "vanleg" kommunal verksemd? Kan ikkje biblioteket i større grad tolkast som ein møtestad for alle i kommunen, uavhengig av alder, kjønn, legning, helsetilstand osb.? Vi leverer ikkje tenester til ei særleg målgruppe som dei t.d. gjer i skulen, barnehagen og eldresentret. Vi er ein stad for daning og oppleving, som ikkje bør vera hemma av rådmenn og dilikt.

Eit motspørsmål blir då: er det ikkje slik det er i praksis i dag? Det er eigentleg eit godt spørsmål. Mange biblioteksjefar har høg autonomi i jobbkvardagen. Vi har ei opi e-postliste der det sit journalistar og plukkar opp våre (u)faglege innspel om dette og hitt. Vi styrer innkjøpa sjølve - sjølv om det er innanfor økonomiske råmer - og avgjer sjølve kva tilskipingar vi vil ha i biblioteka "våre". Sjølv om det er kommunen som er medlem i Norsk bibliotekforening, er det nesten alltid biblioteksjefen som reiser på tilskipingar og er aktiv.

Likevel: eg kjenner ei murrande uro. Kommunane driv og vedtek pressereglement og stramme kommandoliner i høve til utetterretta uttaler, og lojalitetsplikta er omtrent absolutt. Dersom det blir slik at vi ikkje kan skipe til møte om kommuneplanen av di plan- og utviklingsavdelinga blir fornærma, blir det feil i høve til vår oppgåve i samfunnet.

Då vi her i Sør-Varanger fekk ein avtale med USA-ambassaden om Barents Region American Corner (BRAC) fekk eg inn ein klausul om at sjølv om ambassaden kjøper inn bøker og tidsskrift, sit biblioteksjefen med ansvaret og siste ord. Eg har altså eit slags redaktøransvar for samlinga. Eg har tenkt meir på det og spekulerer på om det eigentleg er eit godt konsept for biblioteka som heilskap. Biblioteksjefen bør anten få lovfest eit redaktøransvar for bibliotekdrifta, elles så bør partane i arbeidslivet i samarbeid med Norsk Bibliotekforening lage ein redaktørplakat for folkebibliotek. Ein slik redaktørplakat treng slett ikkje vera særleg omfattande, men det er viktig at han slår fast nokre prinsipp for biblioteksjefen sitt ansvar. Her er seks døme, som slett ikkje er ei fullstendig liste!

1) Biblioteksjefen er øvste ansvarlege for bibliotekdrifta etter økonomiske rammer frå eit folkevald organ.
2) Biblioteksjefen har til oppgåve å leggje til rette for ein opplyst offentleg samtale i samarbeid med andre aktørar i samfunnet.
3) Biblioteksjefen skal sikre alle i kommunen tilgang til det dei oppfattar som relevant informasjon.
4) Biblioteksjefen skal fremje kunnskap og kultur i sitt område, med vekt på variasjon og breidd.
5) Biblioteksjefen har rett til å uttale seg på vegner av biblioteket etter å ha varsla ordførar/rådmann fyrst.
6) Biblioteksjefen kan tilsetjast på åremål, med minimum 5 år i fyrste periode.

Som de ser: dette er ein freistnad på å tryggje autonomien i ei verd der biblioteka mange stader er offer for skiftande politiske vindar. Eg trur ikkje at det blir press mot norske bibliotek i høve til å kaste bøker om homofili eller utviklingslæra, men kven veit? Vi hadde ikkje trudd det kom frå USA heller for 25 år sidan.

Dette er alt for no - eg kjem tilbake seinare, med noko som er ein freistnad på eit columbi egg for kommunar utan fagutdanna biblioteksjef. Fylg med, fylg med! :-)

Les Pays-Bas: Douze points!

Det må ein seie. At Nederland skulle røyste 'Nee' til EU-grunnlova har legi i korta ei stund, men at det skulle bli over 60% nei med over 60% frammøte er heilt fantastisk.

For å unngå fru Løchstør les eg europeiske (!) nettaviser. Her er t.d. BBC News og CNN. Særs balansert, og viser breidda i den nederlandske nei-rørsla. Nei-folk i Noreg har ofte bøygd nakken litt for argumenta om at nei-rørslene i resten av Europa er brune i kantane. Det som har slegi igjennom både i Frankrike og Nederland er det tverrpolitiske preget nei-rørsla har hatt - frå ytste venstre til ytste høgre, med sterke innslag i sentrum. I Frankrike røysta 25% av Jacques Chirac sitt parti 'Non' - etter at monsieur le president gret på TV for grunnlova! Kan hende politikarane endeleg skjønar at dei lever på ein annan klote enn folket? Barroso skjønar det tydelegvis ikkje, han seier at alle dei andre òg må få seie si meining. Så vidt eg veit må grunnlova vedtakast samrøystes, men vi veit kva EU gjorde då Eire røysta nei til Nice-traktaten. Dei måtte røyste ein gong til, slik at dei kunne røyste 'rett'. Eg trur ikkje dei torar det med Frankrike. Dei har ein tradisjon for revolusjonar...

29.5.05

Løchstør på EU-løn?

Det er spørsmålet. Etter at nei-sida vann i Frankrike står ho på NRK og fortel kor bra den nye grunnlova er, sidan stakkars EU er så vanskeleg å styre!!

Får ho løn frå Europarørsla i tillegg til NRK-løna??

Vive la France!!

Fantastisk nyhende frå Frankrike - 55% NON og 45% oui!!

C'est magnifique!

Les nyhende, t.d.:
Un non franc et massif hjå TF1
La France rejette nettement le traité constitutionnel hjå Le Monde
France 'rejects EU constitution' hjå BBC News

Når Nederland fylgjer etter om eit par dagar blir det kaos i Brussel...

28.5.05

Stakkars naboar

Siste tilvekst i instrumentsamlinga mi er ei blokkfløyte. Eg vil tru naboane mine elskar meg no, etter at eg har byrja øve på Händel sine fløytesonatar. Eller kanskje dei ikkje elskar meg?? Berre som ei åtvaring til alle som vil byrje med blokkfløyte: det er ikkje så enkelt som ein kanskje trur etter å ha spela på barneskulen... Berre sjå denne nettstaden med grepstabellar!

25.5.05

Bibliotekpolitikk

Det får ein seie - det er uvanleg mykje bibliotekpolitikk å lesa i avisene for tida. FrP og Høgre har byrja å syne sitt sanne andlet. I Oslo har kulturbyråden frå FrP (ja, du las rett...) tenkt å redusere frå 12 bibliotek til 4 med 8 såkalla utlånsstasjonar. Dessutan er det ikkje biblioteka si oppgåve å drive med utlån av populære ting som video, så det skal Deichmanske bibliotek slutte med. Du kan lesa meir om det triste hjå Bibliotekarforbundet. Kvifor ikkje hjå Oslo kommune? Sei det, dei tykkjer vel ikkje at folket har krav på å få lesa ting som får negative konsekvensar for dei.

Andre ting som skjer no er i Bærum. Der skal filialar i bygder like store som t.d. Steinkjer kommune bli drivne av ein bibliotekar og eit ukjent tal friviljuge. Problemet er berre spørsmålet om kven som faktisk har tenkt å stille som friviljug for å drive eit offentleg tilbod. Dei prøvde det på Nordtvedt filial i Oslo, det gjekk åt skogen. Nesten alle bibliotek nyttar friviljuge for å ha t.d. eventyrstunder og slikt - men kven gidd å bruke fritida på å vaske ein eller fleire gonger i veka??

Og til slutt: bokbåten i Sogn og Fjordane. No prøver fylkesrådmannen for n-te gong å kutte stønaden slik at bokbåten må gå i opplag. Vi får berre vone at politikarane tenkjer lenger enn administrasjonen.